Kari
Skjønsberg-dagane 2013
Det er nesten
flaut å gå på Kari Skjønsberg-dagane og ikkje vite kven dama er. Eg hadde tenkt
å google henne før konferansen, men kom ikkje så langt. Men kven seier vel nei
til ein særs velsmakande lunsj og fire flotte føredrag kvar dag i to dagar, og
attpåtil gratis, berre for å formidle eit tekstutdrag på fem minutt? Ikkje
denne jenta, i alle høve. Vi var fire stk som var med og krydra avslutninga,
torsdagen, med tekstutdrag.Fire føredrag har festa seg hos meg
Kvinnesak og barnelitteratur: Kari Skjønsbergs
forskningsbidrag, ved Anne Kristin Lande, Nasjonalbiblioteket.
Jammen fekk
eg vite kven Kari Skjønsberg var! Arbeidskapasiteten var det ingen ting å seie
på. Ho tok artium som syttenåring, hadde studieopphald i England og Frankrike,
m.a., hadde eit stort internasjonalt nettverk, fekk første novella på trykk som
femtenåring, skreiv bøker, omsette bøker, magister i litteraturhistorie. Lærar,
barnebokforfattar, journalist, barnetimetante. Litteraturmeldar av barnebøker,
kvinnesaksforkjempar, første forskar på feltet Barne – og ungdomslitteratur. Ho
arbeidde ved Bibliotekhøgskulen 1968-1993.
Camilla Collett for barn, ved Kristin Ørjasæter
Har Collett
mist retten til si eiga røyst?Først i 1873 signerte ho verka med sitt eige namn.
Her er ei uvanleg stor spreiing når det gjeld sjanger. Ho skriv både med utgangspunkt i seg sjølv, men òg i samfunnet. Ho var belest og ho var bereist, München, Paris, Berlin, Roma….. Ho samanliknar dei heimlege tilhøva med korleis det var, ute. Kvinnesakskvinne var ho lenge før nokon andre, her i landet.
Alt dette og meir til, frå ei jente som berre fekk tre års skulegang. I hennar oppvekst var det gutane som fekk gå Latinskulen.
For ein gongs
skuld høyrde vi ein som snakka om Camilla Collett som eit sjølvstendig individ
og ikkje berre som ein svermerisk attenåring som var forgapt i Welhaven og stod
i skuggen av bror Henrik. Eg kan berre seie ein ting: Takk. Måtte vi få fleire
slike.
Om jenter og makt i litteraturen, ved Aina Basso
Ein må berre
vere imponert over at nokon orkar ta tak i slikt stoff og skrive om det i
romans form. Viktig er det å kunne historia, viktig er det å kjenne til kva
kvinner har vorte utsette for, gjennom tidene. Vart ein skulda for å vere heks,
hadde ein ikkje ein sjanse. Først var det forhøyr under tortur så hard at dei
fleste tilstod anten dei var skuldige eller ikkje. Skulle dei derimot greie å
stå mot torturen var det vassprøva neste. Då vart ein bunden på hender og føter
og kasta på vatnet. Sokk ein var ein uskuldig, men då hadde Vårherre teke mot
dei i Sin store nåde. Flaut dei, og det gjorde dei fleste, sa Basso, tydde det
at dei var skuldige og då var det berre bålet att.
Når ein veit
at ho byggjer alt dette på faktiske hendingar som ho har funne t.d. i
rettsprotokollar, og ein samstundes veit at enno i dag vert kvinner brende som
hekser, m.a. i land som Zimbabwe, kan ein spørje med forfattaren: Kvar kjem alt
dette kvinnehatet frå?
Moderliga amazoner – sterke kvinner hos Astrid
Lindgren, ved Lena
Törnqvist, tidl. Kungliga biblioteket, Stockholm
Her er det
nok å ta av, dei myldrar fram, Pippi, Kati, Madicken og Lisabet, Alva, Abbe si
mamma, Alma Svenson, Ronja, Lovis. Store og små, sterke og sjølvstendige.Første litterære heltinna i mitt liv var ei tjukk lita jente i den svenske skjærgarden, med ein misunningsverdig eigenskap: ho var ikkje verdas sterkaste, ho hadde ikkje gullpengar, ho var ikkje full av spilloppar, men ho hadde ein sanktbernhardshund som følgde henne kvar ho gjekk og stod. Denne majestetiske Tjorven, som nok var eit einsamt barn, når søstrene var på skulen og sommargjestane var reiste attende til byen, men som alltid hadde Båtsmann. Første gongen serien om Saltkråkan gjekk på norsk fjernsyn, måtte eg vitje naboen for å få sjå, vi fekk fjernsyn nokre år seinare. Eg elska Tjorven og kanskje aller mest Båtsmann. Eg slukte serien og boka vart lesen omtrent i filler.
Astrid
Lindgren skreiv om sterke kvinner, om ansvar, empati, moderskap, handlekraft,
kjærleik. Var ho feminist? Lena Törnqvist trur Lindgren sitt svar ville vore: Usj,
jag vet inte. I alle høve veit denne dama det meste som er å vite om Lindgren
sine kvinner. Skulle gjerne høyrt eit føredrag der ho tok opp landskapet i
bøkene til Lindgren, der ho snakka om gutane, som Emil. Det høyrde ikkje heime
i denne samanhengen, men kan vere ein ide for seinare.
Jammen er eg glad for at eg fekk høve til å både delta og bidra, sjølv om det siste berre var fem minutt. Men det var viktige fem minutt. Trur eg.