Mitt grådige
hjerte, av Hege Duckert
Versal forlag 2009
Dei
portretterte er Frida Kahlo, Simone de Beauvoir, Karen Blixen, Billie Holiday
og til dels Hege Duckert. Forfattaren tek òg sin plass blant desse kvinnene.
Ei reise inn
i livet til fire kvinner, totalt ulike, sett gjennom deira forhold til menn.
Kva er det som gjer at kvinner ofte vel menn som er utru, svikefulle, uærlege
og som forlet dei? Korleis kan dette kjærleikstapet gjerast om til stor kunst?
Ein dansk
eventyrar som vart farmar i Afrika, ho satsa høgt og tapte og gjorde
kjærleikstapet om til sterke og originale forteljingar.
Ei amerikansk
jazzsongarinne gjorde tapet om til råsterke songar. Då ho tok til å tene gode
pengar, vart dei beslaglagt av den mannen ho til ei kvar tid var saman med. Den
siste av desse brukte ein del av pengane til å forsørge ei kone nr 2 og deira
barn, i ein annan by (Billie Holiday sin song, sjå s. 124-125)
Simone de
Beauvoir sin livslange kjærleik var Jean-Paul Sartre, han kan vel heller neppe
kallast trufast. Simone sleit med sjalusi og dei hadde begge forhold til andre.
Dei inngjekk ei pakt at dei kunne ha andre, men dei skulle alltid vere ærlege
mot kvarandre.
Frida Kahlo
gifte seg med Diego Rivera, som allereie då han fridde, sa frå at han kom til å
vere lojal, men ikkje trufast. Han hadde jamvel ei affære med søster til Frida,
i tillegg til diverse modellar.
For eigen del
kan eg legge til at boka handlar om kvinner som var glade for å sleppe unna
husarbeid, dette gjeld i alle høve to av dei. Billie Holiday budde i årevis på
hotell, på den tida kunne det vere billeg og enkelt og ein trengde ikkje gjere
noko form for husarbeid.
Når det gjeld
Simone de Beauvoir visste dei fleste som kom til henne at det var lurt å ha ete
på førehand (sjå s. 177).