mandag 17. september 2012
Småsjuk
Interessant å vere pittelitt sjuk. Sopass at eg må halde meg heime, nokre dagar, men ikkje så mykje at eg er sengeliggande heile tida. Berre såpass at eg snufsar og hostar og krekar meg over golvet, frå senga til stolen, frå stolen til senga. Aldri har eg så mange planar som når eg er dårleg. Det er no forbaska å verte sjuk, no hadde eg så mykje eg skulle ha unnagjort. Eg skulle lese ein artikkel, eg skulle sjekka timeplanen for neste veke, eg skulle kjøpt ei gåve, og kva tid var innflyttingsfesten, og så skulle eg ha intervjua ei dame. Medan eg krekar meg over golvet, på veg til badet, soverommet eller lenestolen, går verda fint vidare utan at eg deltek så mykje. Når eg omsider kjem meg på skulen, att, og fortel at eg ikkje er heilt oppdatert på timeplanen i dag, ser førelesaren undrande på meg: "Har du vært syk?" Intervjuet er teke hand om av ein god hjelpar, artikkelen kan framleis lesast, festen er ikkje før komande helg. Ingen har lagt merke til at eg melde meg ut, nokre dagar.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)