søndag 23. oktober 2011

Saras nøkkel

Eg skulle på studietur til Drammensbiblioteket. Distre som eg er, blingsa eg på klokka og kom ein time for tidleg til toget. Godt det ikkje var andre vegen. Eg hadde brått god tid og gjekk innom Narvesen for å finne ei billeg bok. Saras nøkkel, skriven av Tatiana de Rosnay vart den utvalde. Dersom dette er det eg endar opp med når slikt skjer, kan eg gjerne kome for tidleg fleire gonger. Boka handlar om ei jente som vert teken til fange, under krigen, ikkje av nazistar, men av fransk politi. Saman med mange andre jødar vert jenta og foreldra førde til ein stor velodrom, der dei vert haldne som fangar. Før dei vert tekne greier jenta å gøyme veslebroren, ho låser han inne i eit stort skåp som er deira eigen heilt særskilte gøymestad. Ho reknar med at dei berre skal inn til avhøyr og at dei får gå heim att, seinare på dagen. Veslebroren er trygg der så lenge, ho lovar å hente han, når ho kjem att, han har ei flaske vatn og luft enn så lenge. Lite veit ho at dei vert førde vekk og at ho ikkje kjem attende før det er for seint. Ho misser talet på dagane og knugar lykjelen i jakkelommen og tenkjer på broren, heile tida. Ho må attende og låse han ut av skåpet. Men dagane går, vekene likeeins, og då ho endeleg kjem attende har det flytta inn ein annan familie i husværet. Dei veit ingen ting om kva skåpet gøymer, men dei har kjent ei stygg lukt. Då jenta kjem springande og får opna skåpet er det berre så alt for seint.
Ein kvinneleg journalist får i oppdrag å skrive ein artikkel om denne hendinga, og hennar historie vert vevd saman med Sara si. Det viser seg at ho er i ferd med å flytte inn i same husværet som Sara og veslebroren budde i.
Til vanleg likar eg ikkje å lese bøker om krigen, det var for mykje fælt som skjedde. Men denne boka bergtok meg frå første side, det var, som det står i reklamen, vanskeleg å leggje boka frå seg.