torsdag 19. mai 2011

Potensgiverne

Karin Brunk Holmqvist si bok, "Potensgiverne", på norsk, er ei bok til å verte glad i. Sjølv om boka er eit par år gammal, oppdaga eg henne først no. Har praksis på Strømmen og såleis ein halvtme med toget kvar veg. Brukar tida til å pløye gjennom ein del skjønnlitteratur. Boka om dei to gamle damene som framleis bur i barndomsheimen er flott underhaldning. Eg humrar meg gjennom sidene, men eg humrar med søstrene, aldri av dei. Då broren, som bur i byen, vil ha dei inn på sjukeheim slik at han kan overta huset, set dei foten ned. Han har allereie tinga arkitekt-teikningar og har planar for modernisering av huset. Det han ikkje veit er at damene har sine eigne planar. Dei har fått ny nabo og ny livsgnist, dei skal få seg innedo og startar eige postordrefirma for å finansiere ombygginga.
Nydeleg bok

mandag 9. mai 2011

Målføre

Eg har engelsk som språk på mobiltelefonen min, fordi dei ikkje greier å få til ein mobil der ein kan velje nynorsk. Eg har nynorsk facebook, men Telenor mobil har berre bokmål. Og no vil Høggrrrre at skuleelevar skal velje vekk sidemålsopplæringa.
Er det rart vi vert dårlege i rettskriving her i landet, vi vert eit fattig folk dersom ein må velje vekk å skjøne det halvparten av folk i Noreg seier og skriv. Eigentleg burde vi hatt obligatorisk opplæring i samisk, også.