Falskt kontonr på nett
"Leger uten grenser" åtvarar mot falsk Japan-innsamling på Facebook. Nr tilhøyrer ein privatperson. Kor djupt går det eigentleg an å synke? Når ein ser bilete frå Japan, desse dagar, er det ufatteleg at nokon prøver å bruke ei slik katastrofe til å "sko seg sjølv".
torsdag 17. mars 2011
søndag 13. mars 2011
Stemning
Ute er det tussmørkt, ingen tussar ute, vonar eg. Datamaskina og verdsveven er gode hjelpemiddel når årsmøte skal planleggjast, innkalling sendast og vedlegg hentast opp og leggjast ved. Med fin musikk på øyra, tekoppen og strikketøyet innan rekkevidde er ikkje livet så aller verst. Eigentleg er eg ei kaffikjerring, men gode vener driv overtalingskampanje for å få meg til å like diverse tesortar. Det vart jamvel tid til litt PHP - øvingar, medan strikketøyet førebels ligg urørt. Men det kjem fleire høve. To eksamenar over, tre til å gjere unna, før påske.
fredag 11. mars 2011
Tilstandsrapport
Glede og sorg. Somme tider verkar det som det er overvekt av det eine, men det er alltid noko å glede seg over. Det er absolutt ikkje gledeleg at andre har det fælt, men det set ting i perspektiv når ein ser at eins eigne vanskar er små, i høve til kva andre slit med.
onsdag 9. mars 2011
Tilstandsrapport
Dei siste vekene har det vore farleg å slå på radioen. Mine favorittprogram vart kutta pga at nokre folk dreiv og gjekk på ski. Etter kvart vart det smått pinleg å vere norsk, som når vinnaren av eit renn mobbar/hånar taparen. Då vert eg flau og ynskjer at gullet hadde gått ein annan stad.
mandag 7. mars 2011
Olav Aukrust
Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust, Samlaget 2009, 295 sider.
Boka er god, eg kjenner at eg burde ha lese meir Aukrust før eg tok til på biografien, boka er litt for djuptgåande for dei som har lite kjennskap til Aukrust frå før av. Men etter å ha lese henne, har eg lyst til og tenkt å låne og lese det Aukrust sjølv skreiv. Det er ikkje lite å få ut av ein biografi.
Boka er god, eg kjenner at eg burde ha lese meir Aukrust før eg tok til på biografien, boka er litt for djuptgåande for dei som har lite kjennskap til Aukrust frå før av. Men etter å ha lese henne, har eg lyst til og tenkt å låne og lese det Aukrust sjølv skreiv. Det er ikkje lite å få ut av ein biografi.
torsdag 3. mars 2011
Country - vener
Jean Shepard is inducted to the Country Music Hall of Fame :) It was about time!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)